Holy Isle Lokalt namn An t-Eilean Àrd eller Eilean Mo Laise | |
---|---|
Holy Isle sett frå Arran | |
Geografi | |
Stad | Firth of Clyde |
Koordinatar | 55°32′N 5°04′W / 55.53°N 5.07°W |
Øygruppe | Øyane i Firth of Clyde
|
Areal | 2,53 km² |
Lengd | 3 km |
Breidd | 1 km
|
Høgaste punkt | Mullach Mòr (314 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Argyll and Bute
|
Demografi | |
Folketal | 13 (2001) |
Folketettleik | 5,2 /km² |
Holy Isle (skotsk-gælisk Eilean MoLaise) er ei av fleire øyar i Storbritannia med dette namnet. Denne ligg i Firth of Clyde utanfor vestkysten av Skottland, i Lamlash Bay ved den større øya Arran.
Øya er kring 3 km lang og rundt 1 km brei. Det høgaste punktet er åsen Mullach Mòr.
Øya har ei lang historie som heilag stad med ei kjelde eller ein heilag brønn med lækjande eigenskapar. Her finst eremittgrotta til munken St. Molaise frå 500-talet og spor etter eit kloster frå 1200-talet. Det er funne runer i taket på St. Molaise-grotta.
Vikingane søkte lys mellom Arran og Holy Isle før slaget ved Largs.
Øya er i dag eigd av Samyé Ling buddhistsamfunn.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search